top of page
Svart vann
IMG_9193_edited.jpg

Tor Tveite

Petrichor, lukta etter regn - det bringer tankane mot sumar. Mykje av repertoaret på konserten Petrichor den 6. juni er nettopp sumarinspirert. Det blir både ljose sumarnetter, ljuv sumartid og blomar i hagen. Men konserten får også ei noko mørkare og meir haustleg side. Vokal Vivo får nemleg æra av å urframføre Tor Tveite si tonesetjing av diktet Höstens bleka sjö. 

"Höstens bleka sjö
tunga drömmar drömmer
om en vårvit ö
som sjönk i havet"

​

Slik startar diktet av Edith Södergren som Tveite har tonesett - det er kanskje ikkje så sumarleg. Den finlandssvenske diktaren vart fødd i St. Petersburg i 1892 mens Finland enno var ein del av Russland. Tveite fortel at ho hadde eit kort og dramatisk liv. Familien mista nesten alt dei eigde under den russiske revolusjonen i 1917, og faren døydde av tuberkulose då Edith var 15 år gamal. Nokre år seinare fekk ho sjølv påvist sjukdommen, som ho døydde av i 1923, berre 31 år gamal. 

​

- Til tross for ho døydde ung, har ho ein sterk posisjon innanfor finlandssvensk lyrikk, seier Tveite. Han er musikar og dirigent, og han omset litteratur frå finsk til norsk. Han har ei sterk interesse for det finske språket, men har også lenge vore merksam på svenskspråklege Södergran.

- Eg har sett etter eit verk som eg kunne tonesette, og Höstens bleka sjö peika seg ut som eit godt dikt, seier han. - Det er noko med strukturen, korleis alle tre strofer blir innleia på same måte. Det gir diktet eit musikalsk potensial.

 

Han peiker på at repetisjonen fungerer som eit samanknytande element som gjer verket meir tilgjengeleg for lyttaren. Samstundes gir diktet rom for at ein kan variere den musikalske oppbygginga frå strofe til strofe. Alle tre versa har sitt eige særpreg.

 

Til dagleg dirigerer Tveite eit blandakor. Han fortel at han skriv mest musikk til dette koret, og at han ikkje har erfaring med å komponere for kvinnekor. Höstens bleka sjö var også opphaveleg tenkt til blandakor, men Tveite var ikkje nøgd med resultatet. Han bestemte seg difor for å forsøke seg på eit arrangement for kvinnekor.

- Eg synest det fungerte mykje betre for dette verket. Det er skrive med ein melodistemme som ligg i godt eit mezzo-leie.

Han fortel vidare at han kjenner dirigenten i Vokal Vivo, Marianne Huseby Berg, frå tidlegare samarbeid, og tenkte det ville vere fint om Vokal Vivo ville framføre verket.

 

Han gler seg til urframføringa i Vålerenga kyrkje, men han legg ingen føringar på korleis framføringa skal vere. 

- Nei, det må vere opp til dirigenten å velje korleis verket skal framførast og korleis det skal passe inn i konserten. Eg synest også det er fint at både dirigent, songarar og publikum kan gjere seg sine eigne tolkingar av det dei jobbar med og lyttar til.

 

Dersom du vil høyre urframføringa den 6. juni, kan du kjøpe billett til Petrichor her. 

​

Bilde: Runa Hovland

Tekst: Gjertrud Bøhn Mageli

bottom of page